blank blank
Silje drog til Danmark
- Etter Mojo reiste eg direkte til Danmark for å gå på Krabbesholm folkehøgskule i Skive, Der gjekk eg eit halvt år på grafisk design og eit halvt år på produktdesign, fortel Silje Flølo, tidlegare elev på "Teikning form og farge" på Vassenden.
Silje gjekk på teikning form og farge frå 2005 - 2008. Så gjekk turen til Danmark og på Krabbesholm fekk ho lære mykje nytt.
 
- Det var veldig givande, skulen har eit høgt fagleg nivå og er forskjelleg frå andre folkehøgskular nettopp fordi det er så stort fokus på kvalitet i dei oppgåvene vi gjer. Eg vil seie at Krabbesholm er meir ein skule der ein kan få laga ein skikkelig portefølje, så ein er rusta til å søkje vidare på høgare utdanning. Men det var mykje folkehøgskule i det og, sosialt, og du møter ein masse flotte menneske! Eg anbefalar å sjekke det ut, og det er berre å skrive om det er noko ein lurer på. Etter å vore i Danmark eitt år og fått mange gode vener i Danmark, var det enkelt å berre bli verande. Eg søkte på Danmarks Designskule i København våren '09, og no har eg gått på designskulen i over eit halvt år. Det er jo draumeutdanninga og eg likar meg veldig godt!
 
Kvifor studiet du har valt no?
- Sidan eg starta i første klasse på barneskulen var det kunstfaget som hadde størst tiltrekking, og sidan ungdomsskulen har målet vore å bli grafisk designar. Så det har eg arbeida målretta mot sidan. Og det at det vart akkurat København har mykje å gjere med det store nettverket eg har fått meg her og at eg trivast i Danmark. Og nettverk i designbransjen er svært viktig når du først skal ut å jobbe sjølv!
 
Erfaringar med studiet
Danmarks designskule er fin fordi ein får prøve alt mulig, viss ein er usikker på kva designretning ein vil velje når du kjem inn på 1 år, får ein prøve alt frå å lage bekledning til 3D-animasjon. Første året går mykje ut på å samle dei studerande, så dei startar på andre året med det same utgangspunktet. Så mykje av det ein lærer i starten er noko av det same vi lærer på teikning, form og farge. Vi har hatt teiknekurs, farge- og formlære, kurs i Indesign og Photoshop, prosjekt der ein utnyttar det ein har lært av dei forskjellige kursa, og så får ein muligheit til å velje fem valfrie kurs fordelt på eitt år. Her kan ein velje kva som helst nærmast. I år har eg valt, serigrafi, foto, film, 3D-animasjon og Adobe programmet Dreamweaver. På skulen har vi ein kjempeflott printverkstad, der ein kan printe store plakatar, banner, fotoprint, binde inn bøker, kuttemaskiner, A3 scanner og det er maskiner der du kan finpusse før du skal printe. Vi har fotostudio, metallverkstad, treverkstad, serigrafiverkstad, stofftrykk verkstad, glass og keramikk, mac og pc rom.

På din eigen årgang er alle studerande samla, så du får inspirasjon frå alle mulige designretningar. For på designskulen har vi ingen linjer, den studerande bestemmer sjølv korleis utdanninga skal vere. Men når ein kjem vidare på 2. og 3. året vel ein meir kva retning ein vil gå og vel kurs som er relevante i forhold til dette. Heile utdanninga er på 5 år, men det er mulig å ta eit halv år i praksis hos ei bedrift, og du kan ta eit halvt eller heilt år utveksling til ein annan skule. Og du kan og velje å ta master på ein annan skule.

 
Framtidsplanar
- I framtida vil eg gjerne bli grafisk designar, enten sjølvstendig eller i eit grafisk design byrå. Men helst i eit byrå der ein har muligheit for å vere kunstnarisk og leike med det grafisk uttrykket. Kor i verden eg ender opp det vanskeleg å vite, men det blir nok i ein større by der behovet for grafisk design er større, resonnerar Silje.
 
- Har du hatt nytte av noko du lærte her på skulen?
- Eg vil seie at det eg har lært på Mojo har vore viktig på mange måtar, du lærer ting som festar seg i underbevisstheita og du brukar det du har lært nesten utan at du merkar det. 
Når eg kom på folkehøgskulen var lærdomen frå Mojo gode ting å ha med i bagasjen, ein forstår nye ting betre og ein opplever gode resultat utan at det er ein krig i forkant.

- Har du råd til elevar som går på skulen no?
- Det er vanskeleg å gje råd sidan alle skal i ulike retningar, men om det er nokon som vil den same vegen som meg er det viktig å stå på for det ein vil, og gå for det beste. Gå utanfor dine egne grenser og press deg sjølv litt, men viktigast av alt er jo at du har det kjekt med det du gjer! Men prøv nye ting, leik masse, og ikkje la deg knekke av motgang, for det kjem ein til å få på fleire måtar. Men leik og elsk og lag masse stygge ting for det er der du lærer kva som fungerar, seier Silje Flølo. 

Bilete (kjem)
Stol laga av palle og snor
Utkast til stopmotion film
Stillbilete av stopmotionfilm


Skrivarvenleg side


Publisert av: Anne Brit Sande
Dato: 03/04/2010

Tilbake
Copyright © Mo og Jølster vgs