blank blank
Rett frå vgs til Kunsthøgskulen

Vilde Kleppe Braanaas

 

 

 

 

Namn: Vilde Kleppe Braanaas
Alder: 19 år
Gjekk på Mo og Jølster vgs: 2005-2008

E-postintervju

 

 

Det er ikkje lenge sidan Vilde forlet Vassenden, der ho gjekk på Medium og kommunikasjon, men sidan ho har kome inn på Kunsthøgskulen rett etter vidaregåande, noko som slett ikkje er vanleg, hadde vi lyst å høyre korleis det går med den ferske kunstfagstudenten i Bergen.
- Så langt går det heilt super! Eg er ufatteleg glad, faktisk meir glad enn ein skulle tru var mogeleg, for at eg har fått halde fram med det eg likar etter vidaregåande. Når den obligatoriske ”takketala” er unnagjort så må eg innrømme at eg er forvirra og vettskremt. Såkalla skrekkblanda fryd, seier Vilde.

Den yngste
Vi har høyrt at det ikkje har kome elevar rett frå vidaregåande til visuell kommunikasjon på Kunsthøgskulen på mange år. Og Vilde får også stadfesta at dette er uvanleg frå miljøet rundt seg.
- Klassekameratar og andre elevar syns det er imponerande at eg kom inn rett frå vidaregåande, og eg merkar at eg nesten får litt prestasjonsangst. Det betyr jo ikkje at eg er betre enn dei andre, tvert imot, legg ho til
- Vi er 14 elevar I klassen (9 gutar og 5 jenter). Ein av dei kjem faktisk frå Førde han også. Han var russ I 2002, og gjekk på Hafstad. Ganske sjukt når det kom fram I prestentasjonsrunden den første dagen. Det er ein veldig kjekk klasse, og det er dødskult at det er folk som kjem frå overalt I Noreg. Eg veit ikkje alderen på alle, men eg er den yngste. Ein gut, Mario, er berre 1 år eldre enn meg, men ellers trur eg dei fleste ligg på rundt 23-24. Som den yngste er eg sjølvsagt redd for at eg ikkje kan like mykje som dei som har gjort mykje etter vidaregåande, men no er det berre ein overgangsfase, så eg blir vel vant til det etterkvart.

Framtidsplaner
- Ellers nyter eg mitt nye tilvære I Bergen. Ein fantastisk by. Eg syklar til skulen kvar dag, sjølv om det regnar. Noko det verkeleg gjer ofte.
Vilde har akkurat flytta til Bergen, og har hatt sine første to skuleveker på Kunsthøgskulen. På avdelinga for design, på linja for visuell kommunikasjon.
- Der planlegger eg å fullføre ein Bachelor. Når eg er ferdig med den blir eg, så vidt eg veit, ein såkalla Visuell Kommunikatør. Eg kan eventuelt bygge på med ein master, men det har eg ikkje begynt å tenkje på enno. Eg ser ikkje for meg kva eg kjem til å jobbe med når eg er 22. Det er umogeleg. Det eg lærte på Mojo var berre ein smakebit av det havet av kunnskap eg står framfor no.

Krevjande studie
- Den første veka var eg heilt himmelfallen over alt det nye og ukjende som eg skal få ta del i. Det har vore mykje informasjon. Den andre veka byrja vi på undervisninga, men forundringa stoppa ikkje der. Året er delt inn i intensive periodar (for eksempel web, foto, identitetsdesign, illustrasjon, emballasje), og no har vi byrja på ein 7-vekers periode om typografi. Det er sjokkerande kor mykje, og så lite, ein kan putte inn i eit slikt emne. Vi skal kun ta for oss basisfontar og lære oss dei og kjenne, så denne første veka har vi tatt for oss ein bestemt font som heiter futura. På tirsdag skal vi ha ein gjennomgang, og så skal alle presentere minst to forslag til oppsett av ei side med tittel og mengdetekst. Etter å ha laga 66 skisser av ulike idéar følar eg meg ganske tappa. Men etter gjennomgangen byrjar vi på ein ny font som vi skal jobbe med I neste veke, så her er det ikkje mykje tid til å chille. Når dei seier pirking så meinar dei PIRKING. Tilslutt skal vi lage ein plakat som vi får trykt på trykkeri. Det gler eg meg til.

Vilde’s portefolieFavorittfaget
- Dei to siste dagane har vi hatt InDesign, og eg er veldig glad for at eg har vore borti det før. Men det er småting også der (ulike innstillingar osv) som er nye for meg og veldig nyttige.

- Favorittfaget mitt på Mojo var Mediedesign, eller Grafisk design. Eg føler at eg får nytta mykje av det eg lærte, men eg har allereie innsett at læreplanane på dei to skulane er ganske så ulike. Det er avgrensa kor mykje ein kan putte inn I eit 5-timersfag (?) på vidaregåande.

No driv eg med det kvar einaste dag I veka. Alle reglar er tydeleg vis til for å brytast, og fagleg har eg blitt utfordra så det holder. Men alle I klassen er I samme båt trur eg, og det er litt greit å ikkje gløyme. Alle har ulik bakgrunn og er sterke på ulike punkt, men vi strekk oss mot det samme, og lærarane pressar oss til det. Det eg lærte og dei erfaringane eg gjorde meg på Vassenden er uansett ekstremt kostbare for meg.

Eg er veldig takksam for å ha hatt tilgang til dei ressursane som er der i form av utruleg dyktige og greie lærarar, og i form av den breidda av kunnskap som skulen tilbyr.

Møteplikt
-Det er skremmande kor fort det heile har gått. Plutseleg så er eg her. Begynt på eit heilt nytt liv. Og det er liksom så alvorleg og skikkeleg. Eg trur ikkje eg har fatta enno at eg har begynt på utdanninga mi med stor U.
Det blir mykje hardt arbeid for Vilde framover.
- Mange på min alder velger å reise litt i tida etter vidaregåande, men for meg ser det ikkje ut til at eg kjem til å surfe i Australia med det første. Det er sjølvsagt litt rart, og litt kjipt å tenkje på. Eg vil derimot ta eit semester av bacheloren min i utlandet. Dette blir nok i andre semester av 2.året, eller første semester av 3.året. Eg har ikkje fått så mykje informasjon om utveksling enno, men det er veldig vanleg på kunsthøgskulen, og eg har kjempelyst! Eg håpar på å kunne ta eit semester i eit sydeuropeisk land. På kunsthøgskulen er det ikkje som på universitetet. Vi har faktisk møteplikt på skulen, og viss vi ikkje kjem risikerar vi å ikkje få godkjend semesteret. Vi har ikkje eksamen før i 3.klasse, men må få godkjend kvart semester. Eg syns det er heilt greit med møteplikt, for miljøet i klassen blir heilt annleis trur eg. Men fridommen som mange knyttar til studentlivet får ei heilt anna betydning. Eg følar meg ikkje som student på den måten liksom. Det blir mykje hard jobbing, men at eg får gjere det eg likar veg opp for det meste. Vi fekk ein omvisningsrunde av ein Masterstudent på Viskom (forkorting for visuell kommunikasjon) ein av dei første dagane. Og allereie då snakka han om korleis vi måtte søke I administrasjonen om tillatelse til å vere på skulen på kveldstid dersom vi skulle krysse datogrensa!

 

Å like det ein gjer
- Det er vanskeleg å skulle gje råd til andre. Eg følar meg først og fremst veldig heldig som har fått denne sjansen. Det viktigaste er å like det ein gjer. Alt anna er uviktig. Og det er kanskje problemet for veldig mange. At dei ikkje veit heilt kva dei likar. Men viss ein ikkje brenn for noko spesielt, så er det berre å knuse til og la seg engasjere. Det er overveldane kor mange mogelegheitar som finst. Sjølvsagt krevjar det hardt arbeid, men dersom ein likar det så følest det ikkje som arbeid i det heile. Det er faktisk heilt utruleg.



Skrivarvenleg side


Publisert av: Stein Erik Grytøyra
Dato: 10/16/2008

Tilbake
Copyright © Mo og Jølster vgs