Det felles programfaget i VG1 Design og handverk skal gje elevane erfaring med produksjon og grunnleggjande arbeid innan norsk design- og handverksyrker.
OM FAGET
Faget skal gje grunnleggjande yrkesopplæring i handverksfag.
Elevane skal få erfaring med entreprenørskap, utvikling og produksjon av handverksprodukter. Likeins vil ein sjå på tilhøvet mellom produksjon, marknad og økonomi.
Det blir lagt vekt på praktisk og skapande arbeid med relevante materialar, reiskap og teknikkar.
Felles program blir delt i faga: Produksjon og Kvalitet og dokumentasjon.
På dette nivået legg vi vekt på utvikling av enkle handverksprodukt og tenester.
Oppøving av kreativitet er ein viktig del av opplæringa.
KVALITET OG DOKUMENTASJON
omfatter kvalitetssikring og dokumentasjon av idéutvikling, valg av produkt eller tjeneste, planlegging, produksjon og vurdering.
Digitale verktøy blir brukt i både utvikling av handverksprodukt/tjenester, og til presentasjon.
PROSJEKT TIL FORDJUPNING
Elevane skal prøve ut enkelte eller fleire sider av aktuelle lærefag innan relevant utdanningsprogram. Dei kan og fordjupe seg i kompetansemål frå læreplanane på VG3 nivå.