blank document image 1
Karoline Vie
document image 2
Sofie Halbrend
blank
Dei kan bli lærarar i kunstfag
Caroline og Sofie går på lærarhøgskule på Notodden, der dei lærer kunstfag. Dei tilrår skulen varmt til andre som kunne tenkje seg høgskuleutdanning.

Teksten er skrive av Karoline Vie, som er tidlegare elev på Studiespesialiserande med formgjevingsfag på avdeling Jølster (red.)

 

Vi går på høgskulen i Telemark avdeling Notodden. Populært kalla Lærarhøgskulen. Her på skulen er det mange liner å velge mellom. Sofie har valgt faglærar i formgiving, kunst og håndverk, og eg har valgt Visuelle kunstfag og design, Bachelor.

Faglærer i formgiving, kunst og håndverk, inneheld pedagogikk i tillegg til diverse kunstfag. Det er både teoretisk og praktisk arbeid, i tillegg til at dei reiser ut på skular og jobbar i praksis. I kunstfaga går dei igjennom diverse grunnleggande teknikkar innanfor diverse tema. Dei har og nokre større oppgåver, som blir stilte ut i skulen sitt eige galleri og i gangane. dette gjeld og for dei andre kunstlinjene.

Fritt
Visuelle kunstfag og design er nokså likt studiespesialiserande med formgiving, men ein har ikkje allmennfag. Einaste ein har er praktisk kunst og kunsthistorie forelesningar, nokre småkurs, slik som skrivekurs kjem innimellom. Ein har ikkje faste timer i dette faget, men deler diverse tema utover heile året. Ein jobber med eitt tema i nokre veker, før ein leverer inn, og begynner på et nytt tema. Det beste med studiet, er at det er forholdsvis fritt. Ein får rettningsliner å halde seg til, men kan tolke det meste som ein vil, men dette er og noko av det vanskelegaste. Det er ikkje alltid like lett å komme opp med idéaer til oppgåvene.

Eit godt val
Sjølv er eg ikkje sikker på kva eg vil forsette med i framtida. Eg har så mange forskjellege private prosjekt og idéar, at det er vanskelig å finne ut kva eg vil fortsette med etter skulen. Denne lina var egentleg tilfeldig at eg valgte, men den kan hjelpe meg til å utvikle meg sjøl og kanskje til å finne ut kva eg vil vidare, så det er eit godt val.
Vi vil høgst tilrå denne skulen til alle elevar. Det er ein flott skule, og har mange gode lærarar. Dei hentar også inn andre med kompetanse til nokre tema, noko som er veldig bra, då ein får fleire synspunkt på arbeida sine.

Skulen vil det beste for elevane, og er veldig hjelpsam. Ein kan også søke etter pengar til klassefestar, aktivitetsgrupper osv. For dei som likar å trene er det treningsrom, med nokre treningsapparat, svømmebasseng og gymnastikksal. Det er og åpen badstove på kveldstid, for dei som er avstad og svømmer, og solarium for dei som føler for å få litt farge. Skulen er open for alle elevar som ønskjer å sitte igjen på kveldstid og jobbe med anten private- eller skuleprosjekter.

Praktisk info
Det er veldig lurt å være tidleg ute med å finne seg ein stad å bu. Notodden er ein liten plass, og dei beste bueiningane blir fort opptatt. Eg veit om somme som har vore uheldige og fått ein veldig dårleg hybel, så det er veldig lurt å være raskt ute.
 
Skulen har open dør 23. og 24. mars 2012, så om nokon er i nærleiken av Notodden, eller har lyst å reise ned for å vere med på dette, er de svært velkomne.
Søknadsfristen er den 15. April. For spesiell vurdering, forhåndsløfte og realkompetanse er fristen 1. mars.
 

 

Studietilbud ved Avdeling for estetiske fag, folkekultur og lærerutdanning
Avdelingen har studier som del av både profesjons- og fagutdanning:

Master i formgiving, kunst og håndverk, stasjonær
Master i formgiving, kunst og håndverk, nettbasert
Visuelle kunstfag og design, bachelor
Faglærer i formgiving, kunst og håndverk, bachelor
Faglærer i kroppsøving og idrettsfag, bachelor
Faglærer i praktiske og estetiske fag
Førskolelærer, heltid, bachelor
Førskolelærer, deltid, bachelor
Praktisk-pedagogisk utdanning
Folkemusikk, bachelor
Folkekunst, bachelor
Allmennlærer, heltid, stasjonær
Allmennlærer, deltid, nettbasert
 
Årsstudier ved institutt for forming og formgiving:
Tegning og bilde, grunnstudium
Form og design, grunnstudium
Leire – kunst og design 1, grunnstudium
Digital mediedesign – nettbasert med samlinger
Kunst og håndverk, grunnstudium
Kunst og håndverk 1 (30 stp.)
Kunst og håndverk 2 (30 stp.)
Leire – kunst og design 2, fordypning
Tekstil – kunst og design, fordypning
Tre med metall – kunst, håndverk og design, fordypning
Digital bildeskaping og visuell kommunikasjon, fordypning
Tegning og bildekommunikasjon, fordypning
 
 


Skrivarvenleg side


Publisert av: Anne Brit Sande
Dato: 01/25/2012

Tilbake
Copyright © Mo og Jølster vgs