blank document image 1
OVER: Kjell Klopstad er avdelingsleiar på Mo (Foto: Torbjørn Frøysland)
document image 2
Mogarden 2011 (Foto: Torbjørn Frøysland)
 document image 3
Flyfoto av Mo-avdelinga og garden
blank
Avdelinga på Mo

Studieretninga for naturbruk ligg på Mo, omlag 10 km frå Førde sentrum. I tillegg tilbyr avdelinga påbygging til generell studiekompetanse. 

Kort historikk:
Mogarden er ein gamal gard. Dette syner dei gravfunn som gardsfullmektig Johan L. Hirsch fann på Storåkeren. Gravfunna inneheldt fleire steinsette graver med perler, beinnåler og leirkrukkebrot. Den skrivne soga om Mogarden tok først til omkring år 1350. Frå denne tida finn vi Mo nemnt i Bergens kalvskinn. Der står det at presten i Førde åtte 1 ½ laup i garden, og kapellet på Vie åtte 3 laup.

Etter år 1350 gjekk det heile 241 år utan at ein finn noko skrive om garden Mo. Denne tidsbolken fell saman med svartedauden som herja også i Førde. Mo har då truleg vorte øydegard.

Historia syner at tidene har skifta mykje når det gjeld drifta av garden etter år 1591. Skogen med sagbruket har heile tida vore sentral i drifta. I året 1667 vart alle gardane matrikulerte. Garden vart då taksert til å fø 24 naut og 3 hestar.

Folkelista for 1701 syner at husmenn var vanleg på Mogarden. Husmannsplassane låg i Teigen/Movik/Mofleteområdet. Søndag 20. November 1785 gjekk ein sterk storm over distriktet. Storparten av furutrea i Moskogen bles overende.

Den siste bonden som åtte Mo var Abraham Olsen. I 1857 selde han garden Mo til landbruksskulegard for Sogn og Fjordane Fylke. Det første 2-årige agronomkurset tok til i 1858 med Chr. Beer som den første styrar.

Oppstarten.
I 1857 selde Abraham Olsen garden Mo til landbruksskulegard for Sogn og Fjordane Fylke. Det første 2-årige agronomkurset tok til i 1858 med Chr. Beer som den første styrar.
I 1861 vart det bygt ny driftsbygning. Denne vart først reven for å gje plass for det nye undervisningsbygget i 1977. Som skulebygning kjøpte fylkeskommunen i 1862 eit hus frå sjefsgarden Skaug i Sogn.

Ein av dei eldste skulane.
Mo, som andre landbruksskular, fekk store vanskar i 1860-70 åra, og fylkespolitikarane ville legge ned drifta av skulen. Berre Mo og Jønsberg "overlevde krisa", og desse to skulane er dei eldste landbruksskulane i landet som heldt fram på same staden som dei starta.


Personen Martin Luther Storm står sentralt i skulen si historie. Då fylket ville slutte med skuledrifta, pakta Storm skulegarden, og dreiv privat landbruksskule her på Mo frå 1873 til 1903.


Agronomlaget heidra Storm ved å gje skulen "Steintreet" som står i Motunet. Kunstnaren Nils Bruland har gjort eit framifrå arbeid ved å hogge dei ulike figurane inn i ei 11 tonn stor granittblokk.



Skrivarvenleg side


Publisert av: Stein Erik Grytøyra
Dato: 06/19/2012

Tilbake
Copyright © Mo og Jølster vgs