Ein dag står Lene Auflem i døra til pauserommet, smiler til lærarane og seier "Hei, hugsar de meg?" For vel ti år sidan var ho elev på teikning, form og farge på Mo og Jølster vgs. Fleire gongar i åra etter har ho tenkt at ho skulle stikke oppom gamleskulen, når ho køyrer forbi. Denne dagen gjer ho det!
Litt overraska er vi som sit rundt bordet, for det er ikkje så ofte slikt skjer. Men alle på pauserommet likar at "gamle" elevar kjem innom og etter nokre oppklarande rundar, har vi fått "plassert" Lene Auflem. Etter kaffien og praten rundt bordet tek ho seg tid til fotografering og ein prat, før ho skal vidare til Førde. Vi blir samde om eit intervju til "Kva skjedde med" -spalten. Svara kjem nokre dagar seinare på e-post.
Lene Auflem frå Loen er 31 år. Ho gjekk på avdelinga på Vassenden på 90-talet.
- Etter eg gjekk på Heimeyrkesskulen (Mo og Jølster) drog eg til Ørsta på Folkehøgskule, der eg gjekk på teikning/måling. Det var ikkje så mykje eg lærte der, det var vel eigentleg for å få eit friår, fortel Lene, men legg til at det var mange kjekke folk på skulen, frå alle kanter av landet og nokon elevar frå andre land også.
Blomster og born
Seinare jobba Lene nokre år med funksjonshemma og i blomsterbutikk, etter Ørsta. Ho fortel at ho har alltid synest blomster har vore interessant. Så då søkte eg meg inn på VEA, som er Statens gartner- og blomsterdekoratør linje vk1. Eg hadde jo grunnkurs frå før.
Det var veldig lærerikt år og veldig flinke lærarar.
På det tidspunktet var Lene blitt mamma.
- Anna-Sofie, mi eldste datter var med dit. Vi budde i leiligheiter ovanfor skulen. Der er også internat. Så skjedde det noko nytt i livet.
- På "SKÅLA OPP" i 2002 traff eg Jørn, og bli so forelska. Anna-Sofie og eg flytta til Rena, der han nett hadde starta ny jobb i Telemarksbataljonen. Litt over eitt år seinare blei Andre fødd. Når Andre var ti månader begynte eg å jobbe i en blomsterbutikk, og eg trivdes veldig godt! Jørn var mykje vekke, både på øvingar og i utlandet, så vi blei sittande mykje åleine, fortel ho. Men legg til at dei hadde mange venner rundt seg som var i same situasjon, men ingenting er som ein familie. Lene fortel vidare at ho har touretts syndrom (som Nerdrum) og fekk mykje plager som følge av det.
- Huskar eg ringte Jørn i Afganistan og sa at eg vil heim (til Loen) og starte blomsterbutikk. Og slik blei det!
I dag har Lene Auflem blomsterbutikken Floriss i Stryn.
- Då fekk eg halde på med det eg trives veldig, veldig godt med og blei frisk som ein fisk.Vi bygde oss hus, Jørn begynte å jobbe på Rena igjen, etter eitt års permisjon. Der blei han til 2008, då vi fekk vår andre son, Isak. Det er han som er så snill og søvnig der han ligg på mors arm og veit ingenting om kvar han er, eller kvifor. Lene fortel vidare.
- Så no har eg permisjon til juni, og så skal Jørn være heime til november.
Hybelliv på Vassenden
- Minner frå Vassenden? Hm... Øvrebø hytter og leiligheiter, mange kjekke stunder der. Eg huskar det var bestandig kjekt å handle på lageret. Teikning, form og farge var faga eg trivdes best med, og allmenn kunne eg vore foruten, ler ho. Så dukkar fleire minner opp.
- Huskar vi var på Eikåsgalleriet og Astruptunet. Sånne ting er alltid kjekke. Greie lærarar, men litt for rastlaus og opprørske var eg vel, eg gjekk min egen veg.. mimrar Lene, før ho til sist gjer følgjande råd til dagens elevar:
- Sjå alltid lyst på livet, etter ein regnversdag kjem solskinn. Eg fekk god nytte av åra på Vassenden. Og tenk, sambuar, tre barn, hus, bil og blomsterbutikk. Det er ikkje verst!