blank document image 1
Norunn Hylderås er avdelingsleiar på Jølster
document image 2
Avdeling Jølster ligg på Vassenden (Foto: Marte A. Djupvik)
blank
Avdelinga på Vassenden i Jølster

Studieretningane for medier og kommunikasjon, design og handverk, design og tekstil og studiespesialisering med formgjeving held til på Vassenden i Jølster, i bygningane til det som tidlegare heitte Heimeyrkesskulen i Jølster. 

Kort historikk:
Denne skulen kom i gang i 1945 med Kristian Eikås som føregangsmann. Han vart også skulen sin første rektor. Hans store tanke var at elevane "skulle kunne skape og forme sjølv, og ikkje berre kopiere andre".

Etter eit litt omflakkande tilvære dei første åra, i leigde lokale fekk ein i 1948 kjøpe det vesle gardsbruket "Leitet" på Vassenden og kjøpte "tyskarbrakker" som vart flytte til garden i 1949.

Skulen vart starta som ein kommunal skule, men vart i 1949 ein fylkesskule. Hausten 1954 og våren 1955 kunne ein ta i bruk eit nybygg, men elevtalet auka jamt og trutt, så i 1976 vart skulen bygd ut ein gong til.

              Jølster



Skrivarvenleg side


Publisert av: Stein Erik Grytøyra
Dato: 06/19/2012

Tilbake
Copyright © Mo og Jølster vgs