- Interesse for eldre kunst, som til dømes holemåleri og kyrkjearkitektur, oppstod i stor grad gjennom faget Kunst- og kulturhistorie på Mo og Jølster. Det fortel Ann-Kristin Dahlberg (24) frå Jølster, som er i ferd med å utdanne seg til arkeolog i Bergen.
Ho har no vore busett i Bergen i tre og eit halvt år, sidan ho byrja å studere ved Universitetet hausten 2006. Ann-Kristin gjekk på avdelinga på Vassenden frå hausten 2003 og gjekk ut våren 2005
Kva har skjedd etter Mojo?
- Sidan eg byte linje frå idrett til formgjevingsfag litt i seinaste laget, hadde eg plutseleg ”brukt opp” studieretten min, så det vart eit allmennfagleg påbyggingsår på Hafstad, før eg reiste til Bergen for å studere. Eg søkte meg inn på eit treårig bachelorprogram som heiter Mellomalderstudiar og tok spesialisering i arkeologi. Bacheloren fullførte eg våren 2009, og no tek eg eit år med fritt val av emne, før eg tek til på ein toårig master hausten 2010.
Kvifor arkeologi?
-Interesse for eldre kunst som til dømes holemåleri og kyrkjearkitektur oppstod i stor grad gjennom faget Kunst- og kulturhistorie på Mo og Jølster. Planen var fyrst å ta spesialisering i kunsthistorie, men eg kom fram til at arkeologi var nærare mitt interessefelt, då ein kjem nær den materielle kulturen, altså dei fysiske levningane (t.d. gjenstandsmateriale, organisk materiale og hustufter) etter menneske som levde for opptil fleire tusen år sidan, på ein heilt annan måte. Dessutan tiltalar det meg at det er relevant å trekke inn så mange ulike fagområde i fortolkingsprosessen, som t.d. historie, filologi, biologi, religionsvitenskap, kulturvitenskap, sosialantropologi, kjønnsforsking og sjølvsagt kunsthistorie, seier Ann-Kristin.
Kva erfaringar har du fått med studiet?
- Å gå på Universitetet inneber høge krav til sjølvstendig arbeid, og at ein er førebudd på mykje, nesten utelukkande teori. Lesing og skriving, med andre ord. For min del kjem det praktiske arbeidet fyrst på masternivå. Det kan høyres passeleg tørt ut, men sidan eg har valt studieveg utifrå interesse har det ikkje vore eit problem for min del. Dessutan, for eit notorisk B-menneske som meg, må eg seie det har vore umåteleg befriande å få legge opp døgnet slik det høver meg.
Kva framtidsplanar har du?
- Den er litt vrien, men det er vel mest relevant å tenkje seg arbeid innanfor Universitetet, museumssektoren eller Riksantikvaren. Feltarbeid er ettertrakta og sesongprega, så om eg får jobbe mykje med arkeologiske utgravingar, er eg heldig. Det vert spennande å sjå!
I alle høve prøvar eg å har fokus på det som interesserar og inspirerar meg med faget. Om ein gløymer det, er det lett å ”ramle av lasset”, noko som vil gå utover resultata og dermed sjølvsagt jobbmoglegheitene.
Har du noko råd til elevar som går på skulen no?
Generelt trur eg det er viktig å ikkje ha eit for einsidig fokus på prestasjonar og ikkje la seg overvelde av arbeidsmengda. Dette er ein hårfin balansegong, men om ein likar det ein gjer, gjer ein det som regel bra. Elles er det sjølvsagt ein fordel med tidsavgrensa arbeidsrutiner, slik at ein får kople av innimellom.
- Når det gjeld vegen vidare, vil eg tilråde å velje noko utifrå interesse og ikkje med utgangspunkt i arbeidsmarknaden, men det er sjølvsagt noko ein må vurdere sjølv. No har eg lita arbeidserfaring innan mitt felt, og er kan hende ikkje den rette til å kome med formaningar på det området.
Har du hatt nytte av noko du lærte her?
- Kunsthistoriefaget har eg som nemnd hatt stort utbyte av. Elles gav både det praktiske og skriftlege arbeidet på Mo og Jølster meg ei sjølvtillit i høve eigne skapande evne som har kome godt med både i skulesamanheng og elles, seier den blivande arkelogen frå Jølster.