blank blank
Design og Tekstil Vg2

VG2 DESIGN OG TEKSTIL

Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player

ELEVARBEID: Elevar på Design og tekstil lærer mellom anna å lage sine eigne klede.

Design og tekstil har starta med nye læreplanar etter Kunnskapsløftet hausten 2007. Mo og Jølster vidaregåande skule på Vassenden er den einaste skulen i Sogn og Fjordane som tilbyr Design og Tekstilfaget.

For å kunne kome inn på Vg2 Design og tekstil, må du ha fullført Vg1 Design og Handverk.

Vg1 Design og Handverk er også eit tilbod her ved skulen, der vi har fleire parallelle klassar.

Design og tekstilfaget skal vere med på å dekke samfunnets behov for kompetanse og skape produkt innan klede, sko, kostymer, møblar, interiør- og salmakarprodukt.

I opplæringa skal det leggast vekt på praktisk arbeid med framstilling av tekstilvarer. Design og tekstilfaget skal utvikle evne til kreativ formgjeving og praktisk problemløysing.

Læreplanen til Design og tekstil

PROGRAMFAGA:

Produksjon og materialar
Programfaget handlar om praktisk arbeid med ulike tradisjonelle og moderne handverksteknikkar. Det omfattar ulike typar saum, konstruksjon og utarbeiding av mønster og malar. Programfaget handlar om bruk av ulike tekstile materialar, maskiner, reiskapar og utstyr for måling og tilpassing. Programfaget omfattar tilrettelegging, planlegging, gjennomføring, vurdering og kvalitetssikring av eige arbeid.

Design og produktutvikling
Programfaget omfattar arbeid med design, produktutvikling, dokumentasjon og presentasjon av tekstilfaglige produkt og tenester. Kreativitet og arbeid med form, farge og funksjon inngår i programfaget. Programfaget omfattar kommunikasjon med kundar og samarbeidspartnarar.

Prosjekt til fordjuping
- skal gje elevane moglegheit til å få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan utdanningsprogramma, fordjupe seg i kompetansemål frå læreplanane på Vg3-nivå.

Vidare val

  • som lærling 2 år i bedrift, på Vg3 (sjå tabellen) 
  • eller som elev på allmennfagleg påbygging i skule
  • Eventuelt allmennfagleg påbygging
    med generell studiekompetanse

    • Sjå reklamefilm om DH og DT

Sjå gjerne også på: http://www.vilbli.no/

 

Bunadtilverkarfaget
Buntmakarfaget
Herreskreddarfaget
Handvevarfaget
Kjole- og draktsyarfaget
Kostymesyarfaget
Modistfaget
Møbeltapetserarfaget
Salmakarfaget
Skomakarfaget
Strikkefaget
 

 

 



Skrivarvenleg side


Publisert av: Stein Erik Grytøyra
Dato: 05/22/2011

Tilbake
Copyright © Mo og Jølster vgs