blank blank
Vil bli ein realistisk kunstnar

Frøydis Aarseth

 

 

 

 

 

 

Frøydis Aarseth
21 år
Starta på Jølster når eg var 15, altså for 6 år sidan
E-post intervju

 

 

 

- Etter 3 år på teikning form og farge hadde eg eitt år der eg jobba på Engevold blomster i Førde, ein jobb der eg kunne vere kreativ og samtidig få litt tid til å finne den rette skulen for meg. Til slutt fann eg "The Florence Academy of art" i Firenze Italia, den einaste skulen i verda som er bygd på den klassiske realismen, i stilen til dei store meisterande Leonardo Davinci og Michelangelo. Det er dette eg alltid har funne mest interessant og utfordrande.

Inspirasjon
- Teikning form og farge tok elevane med på mange forskjellige utstillingar slik vi fekk sett mangfoldet i kunsten. Jo fleire utstillingar eg såg jo sikrare vart eg i mi sak- eg ville bli ein realistisk målar. Nationalgalleriet i Oslo var det siste museet vi besøkte på mitt tredje år og det var ei fantastisk opplevelse. Tidemand og Gude, CHRISTIAN KROHG osv...

Skulen
- "The Florence Academy of Art" er ein svært krevande og hard skule bygd etter dei franske academia på 1600 talet, alle går fram i sitt eget tempo. Om du har det minste fravær er du ute av skulen, om du gjer en dårleg jobb må du begynne på nytt att. Du kan få høyre at det du gjer er verdiløst og at du kanskje berre skal slutte, om dei seie noko positivt- veit du at då har du gjort en bra jobb, for det er sjeldne ord å høyre.
- Vi har aktmodellar kvar dag og får også undervisning i anatomi, og studering av menneskelege kadaver er ein kverdagsting.
Før ein får lov til å begynne å måle må ein mestre det å teikne. Nokon brukar opp til tre år på teikneavdelinga før dei får lov til å starte å måle.
Eg måtte sende inn 5 måleri og teikningar til opptaksprøva, det var 170 søkjarar og kun 15 som kom inn - men eg klarte det heldigvis.

- Det er i år opna "The Florence Academy of Art i Gøteborg" så no finst det 2 skular i verden, det er ein tidlegare Odd Nerdum elev som har opna den. Joachim Erikson.

Frøydis Aarseth Framtidsdraumen
- No idag er det 2 veker sidan eg hadde mi aller første utstilling. Den hadde eg i Førdehuset sin utstillingssal og eg solgte nesten alt eg hadde med! Eg vart intervjua i avisa Firda og kom på NRK P1. Det var ei fantastisk oppleving og fleire skal det bli!
- Eg har aldri gitt opp draumen om det å ein dag bli ein stor realistisk kunstnar. Eg vil måle ting som omhandlar samtida mi, global oppvarming, politisk urett o.s.v.. Det er så mykje ein kan utrette som kunstnar, i alle fall den typen kunst du lett kan forstå og tolke i eit realistisk måleri.
Finpussar
- Foreløpig er eg ein nybegynnar i det eg har starta, eg har malt landskapsmåleri men ikkje den typen måleri eg drøymde om. Alle må jo begynne ein stad, først må eg finne ut "korleis måle eit landskap?"


Når eg kjem tilbake til Norge neste sommer begynner eg den ferda for det fulle, måleria blir større og meir meiningsfylte, teknikken min er meir finpussa og anatomi kunnskapane mine er enno betre.

 

 

Råd
Korleis har du hatt nytte av det du lærte på Mojo?
- Teikning form og farge trente opp auga mine til å sjå, å teikne det eg ser. Det høyres lett ut, men det er ei stor utfordring. Vi måla stilleben, teikna draperi og kopierte kjente måleri, det er berre nokre av tinga som hjalp meg i gang. Skrift, farge, utrykke kjensle, det er ein god start å ha med seg, i alle fall om ein vel den vegen eg har valgt å gå. Eg har hatt stor nytte av det.
- Viss eg skal gje noko råd til elevar som går på skulen idag vil det vere: Aldri gløym trua på deg sjøl, du kan om du vil!
Eg har alltid drøymt om den veien eg er på no, eg veit det ikkje alltid kjem til å gå oppøve men eg veit at eg vil vere lykkeleg for eg skal gjere draumen min verkeleg!

Frøydis AarsethFrøydis Aarseth



Skrivarvenleg side


Publisert av: Stein Erik Grytøyra
Dato: 10/16/2008

Tilbake
Copyright © Mo og Jølster vgs