blank blank
Medium & kommunikasjon

VG1, VG2 OG VG3 MEDIUM OG KOMMUNIKASJON 

ELEVARBEID: Som elev på Medium og kommunikasjon på Mo og Jølster vgs. får ein brukt sine kreative og skapande evner, med god veiledning frå faglærar med brei kompetanse.

Sjå også blogg med elevarbeid frå medium & kommunikasjon

Har du lyst til å jobbe med film, TV, websider, foto, radio, journalistikk, grafisk design eller reklame? Er du nysgjerrig på å finne ut om mediebransjen kan vere noko for deg? Har du lyst til å bruke tre år på vidaregåande til å utvikle deg sjølv og jobbe med noko som er meiningsfylt? Då kan medium og kommunikasjon vere det rette valet.

Medium og kommunikasjon er ei spennande studieretning som kan gi både yrkeskompetanse og studiekompetanse. Mo og Jølster vidaregåande skule har i dag fire klassar, fordelt på tre årstrinn. Kvar klasse har plass til 15 elevar.
 
Kreativt
Du treng ikkje å kunne spesielt mykje om medieproduksjon. Det viktigaste er at du likar utfordringar og har lyst til å lære og utvikle dine kreative evner. Du bør ha ei viss interesse for data og media og like å jobbe med menneske.

Kvar elev får disponere pc, med ei rekkje avanserte program for behandling av tekst, bilde, film og lyd. Skulen har eit stort studio for foto og film, pluss redigeringsrom for lyd og film. Vidare har skulen meir enn fulle klassesett med profesjonelle digitale speilreflekskamera, fleire filmkamera og opptaksutstyr for lydopptak. Svært mykje av undervisninga skjer i form av prosjektarbeid. Elevane får arbeidsoppdrag som dei skal utføre og leverer så inn produkta sine for vurdering.

Hovudfaga på studieretninga er mediekommunikasjon, individ og samfunn, mediedesign og medieuttrykk og medieproduksjon.

Lærling eller student
Tre år på medium og kommunikasjon kvalifiserer for opptak på høgskular og universitet, fordi du får generell studiekompetanse. Men du kan også velje å ta fagutdanning.

medium og kom grafikk 01Etter å ha fullført vg1 og vg2, kan du gå i lære som fotograf eller mediegrafikar (avis eller trykkeri) og avslutte med fagbrev.

Medium og kommunikasjon er eit studium som krev at eleven lar seg engasjere av det å skape kreative produkt - og jobbe målretta med å ta til seg mediekunnskap, både innan journalistikk, foto, film og grafisk design. Elevane blir utfordra til å engasjere seg i medieproduksjon også utanom ordinær skuletid. Nokre av oppgåvene føreset at elevane kan bruke ein kveld eller ei helg til å gjere filmmopptak, intervju eller liknande.

Elevbedrift
Både i første og andre klasse får elevane høve til å fordjupe seg i ein eller fleire medie-produksjonar. I andre klasse får elevane også høve til utplassering. Nokre elevar har hatt praksis i NRK, Firda eller andre lokale mediebedrifter. Andre har reist til Oslo, Bergen eller Trondheim, for å jobbe i NRK P3, Dagbladet, BT, Aftenposten, reklamebyå eller andre store mediebedrifter.

I andre klasse har medieelevane etablert ungdomsbedrifter, som har levert produkt og tenester for det lokale næringslivet. I 2004 vart Mojo media UB kåra til fylkets beste ungdomsbedrift. I 2006 gjentok Huldra UB suksessen og fekk delta på NM for ungdomsbedrifter i Oslo. I 20011 kom også Mico Media UB til NM. Vil du vite meir om ungdomsbedrift på Mo og Jølster, eller har oppdrag - ta kontakt med faglærar Ole Johnny Devik.

Skulen legg vekt på god kontakt med mediebransjen. I tillegg til besøk i lokale mediebedrifter, blir det gjennomført studieturar til Bergen og Oslo. I andre eller tredje klasse har elevane også vore på studieturar til utlandet. Dei siste åra har turane gått til Paris, Italia, Istanbul, København, London og Lisboa, delfinansiert ved hjelp av overskot frå eiga bedrift.

Meir info: Film om programfaget / vimeo-filmkonto

Kontakt oss!
Er du nysgjerrig på studieretninga? Har du lyst til å bli elev? Vil du vite meir om studietilbodet?
Ta kontakt med skulen på tlf. 57 72 65 00 dersom du vil ha meir informasjon.
Du kan også ta direkte kontakt m/fagleiar Anne Brit Sande. mob. 922 43 428.
E-post: anne.brit.sande@sfj.no 
 



Skrivarvenleg side


Publisert av: Stein Erik Grytøyra
Dato: 02/09/2013

Tilbake
Copyright © Mo og Jølster vgs