blank document image 1 blank
Frukt og grøntprosjekt ein suksess
Elevane har sett stor pris på tilbodet om gratis frukt og grønt i friminutta, men prosjektet er over no, fortel miljøkoordinator Tom Arve Stigen, som jobbar for å få til same ordning neste år.
- Eg er veldig fornøgd med prosjektet som i dag tar slutt, etter at det har vart frå haustferien og no til vinterferien. Elevane har nytta tilbodet i særs stor grad og eg føler at eg har fått fram bodskapen om at frukt og grønt er viktig i kvardagen, seier Tom.

Satsar på vidareføring
Prosjektet har vore på begge avdelingane. På Jølster har elevrådsmedlemane vore med Tom på skift og hjelpt å skjære opp frukt og grønt. Så har elevane fått det servert i storefri. Det har vore på same måten på avdeling Mo, berre det at der har kjøkkenet ved Signe Forthun stått for serveringa, fortel Tom og legg til:
- Signe har sagt til meg at det også på Mo har vore populært med fukt og grøntordninga. Dette var så bra at eg vil prøve så godt eg kan å få skaffa til veie midlar, slik at vi kan gjøre dette på same måte også neste skuleår.

 
 


Skrivarvenleg side


Publisert av: Anne Brit Sande
Dato: 02/19/2010

Tilbake
Copyright © Mo og Jølster vgs

Om skulenStudietilbudKorte kursVaksenopplæringForedling/gardsutsalElevarbeidElevtilbodRådgjevarMiljøkoordinatorenIKTElevrådetLenkjerKorleis gjekk det med? Arkiv
Kontaktinformasjon
Mo og Jølster vgs
6800 Førde
Tlf til:
Mo: 57 65 64 40
Jølster: 57 65 64 80
Fax: 57 65 64 41
e-post