Denne veka vart det arrangert hybelmatkurs for hybelelever på avdeling Jølster, i regi av 4H. Det starta med at elevane laga smoothie, før de gikk i gang med å planlegge middagen og innkjøpet.
- Det var kjempekjekt. Meininga er at elevane får kr. 50,- kvar som dei skal handle mat for. Dei lærer å sette opp eit budsjett og skal handle ut i frå det. Fokus er også på sunn mat, fortel miljøkoordinator Tom Arve Stigen.
Det som også er viktig er at dersom hybelboarane ser at om dei går saman om å lage mat, så får dei mykje meir for pengane, i tillegg til at det er sosialt.
- Og sosialt hadde vi det virkelig i går!! Seier Tom entusiastisk. Han fortel at elevane laga nydeleg wok med strimla svinekjøt i nudlar.
- Og vi hadde is og varme bær til dessert. Det var nok til meg også og det smakte fortreffelig, legg han til.
Eg er veldig glad for at 4H kjem til oss med kurs som dette.
Det einaste som var synd var at ikke fleire møtte enn dei fem som var der, legg han til.
- Vi har også hatt kurs på avdeling Mo ved to anledningar og der har det vore populært, med ca 10 til 14 deltakarar kvar gong.