Måndag 15. februar blir det arrangert konsert og fakkeltog i Førde, som ei solidaritetsmarkering for ein asylsøkarfamilie. Ungdom har engasjert seg mot at dei skal bli sendt ut av landet.
- Elevrådet har behandla saka på onsdag angåande solidaritet i forhold til ei jente som er gått i dekning i Førde, samt tre søstre som bur å asylmottaket. Desse skal sendast ut av landet. Elevrådsleiar har vore i møte med dei andre elevrådsstyra på Hafstad og Øyrane vidaregåande skule, då dei også har engasjert seg i saka, opplyser Tom Arve Stigen, miljøkoordinator på Mo og Jølster vgs.
- Det kjem til å bli arrangert ein konsert til støtte for desse jentene på måndag 15. februar kl. 19.00. Alle underhaldningsbidrag til konserten er ved frivillige som stiller opp og dette arrangementet er gratis.
Det blir sett stor pris på donasjoner som tas i mot etter konserten, før alle deltakarane går i fakkeltog gjennom Førde sentrum. Dersom det er nokon som har eit underhaldningsbidrag, så kan ein kontakte elevrådsleder Miriam Drage, 9752 0875, eller miljøkoordinatoren Tom Arve Stigen, 415 30 665.
- Dette er ei god sak som vi bør støtte. Jeg understreker at dette er noe som foregår utenom skoletid, seier Tom.