blank document image 1 document image 2  document image 3 blank
Sogn Jord- og Hagebruksskule på besøk til Mo
Frå onsdag til torsdag denne veka har elevane på Vg3 Økologisk Landbruk ved Sogn Jord- og Hagebruksskule vore på besøk på Mo.

 Tekst og foto: Knut Vebjørnsen

11 elevar og to lærarar har vore på studietur til Sunnfjord denne veka. Etter å ha besøkt eit gardsbruk i Sogn, og fått ei orientering om landbruket i Sogn og Fjordane frå Fylkesmannen si landbrukeavdeling, kom dei til Mo onsdag ettermiddag. Temaet for studieturen var husdyrhald av ymse slag, med hovudvekt på storfe og gris.
Etter middag på Mo gjekk turen til Martin Braanaas Kleppe på Ytre Åsane, som driv med økologisk sauehald. Dette var ei inspirerande og kjekk oppleving for mange. Etter besøket på Åsane, gjekk turen tilbake til Mo med orientering om skulen. Her var det eit historisk tilbakeblikk på Martin Luther Storm og skulen si historie.
Elevane overnatta på internatet på Mo og etter frukost torsdag morgon var det omvising i alle husdyravdelingane, samt gartneriet og verkstad. Besøket vart avslutta med å omfamne trea i Bruahaugen.
Det har vore ein inspirerande og triveleg gjeng å ha på besøk, så velkommen tilbake.


Skrivarvenleg side


Publisert av: Anne Brit Sande
Dato: 03/15/2012

Tilbake
Copyright © Mo og Jølster vgs