"Kjetil og Kjartan show" kjem til skulen sin helsedag torsdag 29. april!
- Eg har jobba ei tid med å få nokon profilerte artistar til skulen og no har eg/vi klart å få Kjetil og Kjartan showet til skulen vår på helsedagen, seier miljøkoordinator Tom Arve Stigen.
Støtte
- Dei er godt kjent for dei som har sett programma deira på mellom anna TV-Norge. Å fa artistane til Helsedagen er eit økonomisk spleiselag frå skulen, ved administrasjonen og Elevrådet, fortel Tom, som legg til at han har jobba mykje med dette og er veldig glad for at han endeleg har fått det i havn.
- Eg må gje honnør til leiinga ved skulen, som er positive til arrangementet og som stiller summar til disposisjon for elevane på deira Helsedag. For dette er elevrådet sin og elevane sin dag, presiserar han og legg til at han og elevrådet jobbar vidare med saka og planlegginga av Helsedagen.
Gratis mat
- Elevrådet har bestemt at Helsedagen skal leggast til avdeling Jølster, på grunn av showet til K/K. Om formiddagen vil det vere forskjellege aktivitetar som skyting, volley/kanonball og rebus/tursti. Heile programmet er ikkje klart enno. Omlag kl 10.30 til 12.00 blir det grilling. Her får elevane laks og kylling til grilling, og salat til. Dette får elevane gratis, opplyser Tom.
Så startar showet ca kl. 12.00 og vil vare i litt over 1 time. Kva som skjer etter showet er ikkje klarlagt, legg han til.