Entreprenørskap er eit viktig satsningsområde i skulen og nokre elevar ser muligheitene. Mediaelev Caroline Helle nyttar studio på Vassenden til eksternt foto-oppdrag.
Her fotograferar ho Thea Halås. Begge jentene er elevar i 1mka og brukar skulen sitt studio kvar fredag, der dei fotograferar nye klede for arbeidsgjevaren sin og lærer seg skulefaget sitt godt ved å produsere mange gode bilete i ein profesjonell kontekst. Når bileta er ferdig fotografert, lasta og digitalt bearbeidd, blir dei lagt ut på bloggen til butikken der Caroline arbeider.
Stolt lærar
Kontaktlærar i 1MKA og fotolærer Olav er veldig stolt av elevane sine, som har så mykje energi og finn nye arenaer der dei kan bruke sin nye kunnskap.
- Dette er eit synleg og flott arbeid, som når eit større publikum enn vi vanlegvis vil nå. Og det teiknar eit veldig positivt bilete av skulen vår og den aktiviteten vi driv her, seier medialæraren.
- Studioet vårt er forøvrig nyleg kraftig oppjustert, etter at vi fekk på plass ein nye "softboks" på 175cm, som er ein blitz med mjukt og vakkert lys, forklarar fotolærar Olav. Stor lyskjelde gir høg kvalitet på foto, vise versa.