Oda Marie Horvei Lyslo er ein av dei to utveklsingsstudentane frå Medium og kommunikasjon som har tilbrakt skuleåret i USA. Her kan du lese korleis ho har det.
Av: Oda Marie Horvei Lyslo
Stopp tida!
No har det gått fem månadar alt og eg skulle ynskje det gjekk an å stoppe tida litt. Det er heilt rart å tenkje på at det allereie har gått eit år sidan eg bestemte meg for å ta eit år som utvekslingsstudent i USA. Det var eigentleg ei veldig spontan avgjersle, og sjølv om det har vore både opp- og nedturar, angrar eg ikkje eit sekund på at eg reiste. Eg kjenner at eg har lært så mykje på desse fem månadane, og eg trur at eg rett og slett også har blitt litt meir vaksen.
Venskap
Når elevar bestemmer seg for å vere utvekslingsstudentar er det mange som vel å reise til USA. Det skal vere så enkelt å få seg vener på denne sida av dammen, men det er ikkje så lett som mange skal ha det til. Alle er rett nok veldig snille og ynskjer ein velkomen, men det er vanskeleg å få seg gode, nære vener. Til no har eg vore veldig heldig på venefronten, men det tok ei lita stund til eg følte eg var på lik linje med dei andre på min alder. Det gjeld å ikkje vere redd for å prate eller ta initiativ. Aktivitetar etter skulen har vore til veldig hjelp når det gjeld å bli kjent med nye.
På andre sida av kloden
Det er ikkje alltid enkelt å bu på ein ukjend stad i ein så lang periode. Ein har veldig lyst til å passe så godt inn hos vertsfamilien sin som mogleg, men det skal noko til å kome til ein familie som passer ein heilt perfekt. Då må ein vere innstilt på å vere fleksibel. Utfordringa ligg i å kunne balansere mellom eigne og vertsfamilien sine krav og behov. Blir dette for krevjande, er kanskje byte av familie einaste utvegen, noko som heller ikkje treng vere noko dramatisk. Nesten alle eg kjenner som er utvekslingsstudentar i USA dette året har bytt verstfamilie, og områderepresentanten min har hatt fire utvekslingsstudentar, der to av dei måtte flytte. Eg bytta også seint i januar. Det kan også vere positivt å byte vertsfamilie, for det er både rart og interessant å sjå kor stor forskjell det kan vere frå ein heim til ein annan. Ikkje alle familiar har same hus - reglar og nokre likar å reise og besøke ulike plassar, medan andre ikkje er reiser så mykje. Foreldre har ulike måtar dei oppdrar ungane sine på også, og ulike meiningar om ting som er rett og gale. Nokre synes Obama er ein god president andre ville likt å ha ein annan. Det er vell slik det er i kvar familie uansett kvar i verda ein bur.
Kontakt med vesle Noreg
Eg kan ikkje tenkje meg korleis det hadde vore her utan muligheita til å kommunisere over internett. Sånn det er no kan eg halde kontakta med familie og vener heime med berre nokre klikk på datamaskina. Men etter det eg har erfart er ikkje dette alltid positivt. Ein kan ikkje svare på e-postar kvar einaste dag, eller ringe heim heile tida. Om ein skal vere sosial med vener, gjere lekser og delta på aktivitetar etter skulen blir dette fort veldig stressande. Ein får fort dårlig samvittigheit når det har gått ei stund sida ein har svart på e – postar på ei stund, så ein må berre vere ærlig med seg sjølv og sette ei grense, ein kan ikkje rekkje over alt. Tid er ein knapp resurs og spesielt no på slutten av utvekslingsåret vil ein nyte alt.
Utvekslingsorganisasjonen
Min utvekslingsorganisasjon heiter Explorius. Det er opphavleg ein svensk organisasjon som har oppretta ei norsk avdeling. Organisasjonen samarbeider med fleire amerikanske student organisasjonar, og min heiter SMG (Student Management Group). Det er denne organisasjonen som har ansvaret for meg når eg er i USA, og bestemmer for eksempel om eg skal bytte til ein annan vertsfamilie, eller om eg får lov å reise til ulike plassar.
Skulen i USA
Ein ting som er sikkert og visst er at det er lettare å få gode karakterar på skulen i USA. Faktisk mykje enklare enn i Noreg, likevel er det sjølvsagt også her elevar som ikkje har så gode karakterar. Her går alle prøvene i alternativ svar og ”true or false” spørsmål. Undervisninga er annleis lagt opp enn i Noreg. Det et slik at lærarane har kvar sitt klasserom der elevane kjem til dei kvar time. Det er heller ikkje dei same elevane ei har dei same faga med, for ikkje alle har valt dei same faga. På High School i USA har ein same timeplanen kvar dag i tre månader, og så skiftar ein til ny timeplan med andre fagkombinasjonar. Ja, du las rett. Er det Media Arts i tredje timen på måndag, så er det også tredje time dei andre dagane i veka.

Når eg seier eg må gå 13 år på skule før eg kan byrje på College/University, blir alle forskrekka, dette er det mest utenkjelege dei har høyrt for her går dei berre 12 år om dei ikkje har vore veldig slemme elevar og må ta opp at eit år. I sjølve klasserommet brukar lærarane noko som heiter Smart Board. Det er akkurat som ei tavle, berre at dei kan kople datamaskina til og skrive på den, veldig praktisk spør du meg.
Foto: Taylor (vertssøstra mi) og meg på ein basketball kamp
High School er akkurat som på film. I lunsjen sit elevane ved forskjellige bord. Dramaklubb-medlemmane ved eit bord, volleyball- og basketballjentene ved eit anna, og dei elevane ein ikkje vil ha noko med å gjere, sit ved eit bord.
Skulen utgjer ein veldig stor og viktig del av kvardagen til alle studentane. Dette er på grunn av at det er så mykje som skjer både i og etter skuletid, og skulen er sterkt knytt til dei fritidstilboda ein er med på. Ein kan velje mellom ulike aktivitetar etter skulen, og ikkje alle skular har dei same aktivitetane. På min skule kan ein velje mellom volleyball (som er for jenter), cross country (som går ut på å springe langdistanser) eller amerikansk fotball (som eigentlig er for gutar, men i år var det ei jente som var med også). Om vinteren kan ein velje mellom basketball for både gutar og jenter, wrestling (bryting) for gutar eller dans (for jenter). Softball, baseball og track kan ein velje i vårsemesteret og dette held ein på med til sommarferien (Summer Break) startar.
Aktivitetane etter skuletid er svært viktige å få med seg. Det er også veldig viktig å vinne, og i nokre sportsgreiner er det berre dei beste spelarane som får spele. Det er slik som det er i Noreg. Det vert ofte halde møte i lunsjen for elevar som er involvert i anten teater, årbok, matteteam eller elevråd osv. På hausten når alle kjem tilbake etter ein lang sommarferie er det ei veke som dei kallar for ”Homecoming”. Denne veka er det ulike dagar der elevar og lærarar kler seg ut, og på fredagen vert det lagt opp til ein stor aktivitetsdag på skulen.
Små forskjellar - stort inntrykk
Det er nok dei små forskjellane og likskapane eg legg mest merke til når eg samanliknar mi oppleving av det amerikanske samfunnet med det norske. Vertsfamilien min har bosset på kjøkkenet under vasken akkurat sånn som eg har det heime. Det er forskjell på drikkevatnet i springen, nesten alle jenter brukar korte sokkar, og berre eit fåtal brukar tettsitjande dongeri (skinny jeans). Her har ingen høyrt om brunost og det er delte meiningar om det smakar godt eller vondt. Det er heilt greitt å ete pannekaker med sirup til frukost. Når eg seier eg er frå Noreg, får eg spørsmål om eg har smakt lutefisk eller lefse. Om det snør i Noreg er også ein vanleg spørsmål. Ein gong fekk eg spørsmålet om det var bilar i Noreg. Eg vart litt lei av å svare på sånne opplagte spørsmål så eg svarte ”Nei, vi brukar sykkel”. Folk går rett på, og ler seg i hel når eg endeleg avslører spøken og seier at det berre var tull.
Dei same utfordringane
Når ein reiser til eit anna land så kan ein lett tru at dei utanlandske er litt mindre smarte enn ein sjølv og andre frå det landet ein kjem frå er, men ulikskapane gjeld fyrst og fremst språket (sjølvsagt) og kulturen. Mi erfaring er at det ikkje er så store forskjellar på ungdom i Noreg og USA. Spesielt jenter har dei same problema som involverer venninner og særskilt gutar. Dei fleste har vel sett filmen ”Mean Girls”, og eg må berre seie at High School minner meg veldig om den filmen, det kan vere eit skikkeleg drama her avogtil.
”Snow days”
Veret er nokså likt heime på Vestlandet, men det regnar ikkje så mykje om hausten. Dersom det kjem for mykje snø om vinteren, stenger rett og slett skulen. Dei dagane skulen er stengt på grunn av dette blir kalla ”Snow days.” I Noreg stenger aldri skulen på grunn av for mykje snø, vi er nok litt meir vågale her.
TV og Kino
Det er dei same TV-seriane her som i Noreg - Idol, America’s funniest homevideos, Days of our lives, Malcom in the Middle, Friends, Charmed, One Three Hill, Desperate Housewifes, eigentlig alt vi har heime, men ingen har høyrt om McGyver. Kino billettane er billigare her også. Det meste eg har betalt er 50 kroner. Ein gong betalte eg så lite som 24 kroner for ein kinobillett. Det som er så kjekt er at dei nye filmane kjem tidligare på kino her før dei kjem til Noreg.
Ein grusom lyd
Klokka 12 kvar dag (noon), ringer det ein forferdeleg lyd. Det kan høyrast ut som den reinaste flyalarmen. I Noreg har vi jo alle opplevd at Sivilforsvaret testar flyalarmen onsdag kl. 12. Men her borte er det slik kvar dag. Då veit alle at no er klokka 12, midt på dagen. Når det har skjedd ei ulykke, ringer den same lyden. Eg vart faktisk litt redd dei fyrste gongane.
Kyrkjebesøk
Eg har vore med vertsfamilien min i kyrkja tre gonger allereie, og det er heilt annleis her enn i Noreg. Her er det meir populært å gå i kyrkja, og gudstenesta (om eg kan kalle den det) er ein meir naturleg del av veka. Sist gong eg var i kyrkja ba presten for kvar einskild, og alle som var der felte ei tåre eller to. Det er ikkje eit reint Halleluja-opplegg, sjølv om det er på nære nippet. Det var faktisk veldig kjekt å vere med på, og sist gong eg var det var det ein som gav meg det nye testamentet i mini versjon til å ha i veska.
Slekt i USA
Svært mange nordmenn har ein eller fleire slektningar i USA. Og mange amerikanarar er opptekne av slektsrøtene sine. Mange kjenner til kulturen frå landet som tippoldemora kom i frå. Eg visste at eg hadde slektningar i USA, men hadde ikkje særlege forventningar om at eg skulle få møte dei. Men i November reiste eg til Mall og America og møtte tremenningane mine. Det var stas, og eg hadde ikkje følt ei så stor glede på lenge. Dei viste meg bilete av tanta til faren min som var deira bestemor og av Sandane der ho opphavlig kom frå. Det som er så fint med å reise er at ein blir kjent med så mange menneske ein får venskap ein kan holde resten av livet mitt.
Menneska er viktigast
Så langt dette året har eg sjølvsagt opplevd både oppturar og nedturar, men alt i alt så ville eg aldri ha bytt dette året mot noko. Eg opplever at eg er blitt tryggare på meg sjølv, og at det ikkje lenger er så skummelt å snakke med framande. Eg har fått nye vener, ikkje berre frå USA, men frå fleire andre land også. Nokre av dei vil eg nok halde kontakt med resten av livet. Eg har lært mykje om kulturforskjellar og at ingenting nødvendigvis er feil, det er berre litt annleis.
Som utvekslingsstudent har det ikkje noko å seie om ein hamnar i eit stort hus hos ein rik familie eller eit lite hus med ein middelklassefamilie. Det som gjer at dette året i utlandet blir så bra, er rett og slett dei menneska ein møter. Dei kan verkeleg forandre på korleis ein ser på det meste.
Og kven veit, kanskje kjem eg tilbake for å studere seinare?