Torsdag 11. mars reiser 32 elevar og tre lærarar til Fylkesmessa for ungdomsbedrifter på Nordfjordeid. Der skal dei bygge opp utstilling, delta i konkurransar og informere om bedriftene sine til interesserte. Dagen før er det full aktivitet i klasserommet til Blikkfang UB på Medium og kommunikasjon, der elvane legg siste hand på marknadsføringsprodukta som skal vere med.
Foto: Olav Øygard
Dei tre bedriftene frå Mo og Jølster vidaregåande skule som skal delta er Blikkfang UB, Stalltausene UB og Art DeSign UB.
Full fart
Det blir ein hektisk skuledag for dei 32 elevane. Det er leigd inn buss for transport av folk og utstyr. Dagen startar med lossing på bussen og tidleg avreise. Når elevane kjem til Nordfjordeid skal dei rigge opp standen og få alle "bitar" på plass til messa opnar klokka 12. Då vil det strøyme på med folk som kjem for å sjå kva dei ulike ungdomsbedriftene har fått til. Bedriftene blir mellom anna vurderte i forhold til standen sin og eit panelintervju dei skal igjennom, der jurymedlemmer vil vurdere bedriftene i forhold til dei konkurransane dei er påmelde.
Dagen kulminerar med utdeling av prisar. Ungdomsbedriftene i fylket konkurrerar i følgjande klassar:
Beste ungdomsbedrift
Beste marknadsføring
Beste utstilling
Beste produkt
Beste rekneskap
Beste teneste
Beste innovative produkt/ide
Beste grøne bedrift
Beste lokalsamfunndprosjekt
Beste internasjonale prosjekt
Publikumsprisen
Vi ønskjer Stalltausene UB, Art DeSign UB og Blikkfang UB lykke til!