Ole Andre Rekkedal, tidlegare MK-elev, er leigd inn som fotografvikar for NRK Sogn og Fjordane medan OL pågår, og har også fått praktikantplass i Førde.
-Det var faktisk NRK som kontakta meg og lurte på om eg ville vere praktikant hos dei, noko eg sjølvsagt takka ja til.
Tekst og foto: Rune Mo (2MKA)
Ole Andre Rekkedal (21) er tidlegare student frå Mo & Jølster vidaregåande skule og studerer for tida film og TV på Nordisk Institutt for Scene og Studio i Oslo. Til 19. mars skal han vere praktikant i ei bedrift og Ole Andre skal vere praktikant hos NRK Sogn & Fjordane i Førde. Han fungerar også som vikar for fotografane som har reist til Vancouver i OL-sesongen.
Ole Andre jobbar som TV-fotograf og klippar. Om dagen reiser han ut med ein reportar for å filme, for så å reise tilbake for å klippe opptaka saman til ein sak til Vestlandsrevyen.
- Eg trivast godt bak kameraet, ler Ole mens han blir fotografert.
Mens Ole Andre gjekk på Mo & Jølster, var han utplassert hos NRK. Denne utplasseringa gjorde han godt no når han skulle ut i praksis.
-Eg likar å jobbe i TV, sjølv om det blir litt stress med stramme dødlinjer.
Trass at Ole Andre likar å jobbe innafor TV, er det fiksjonsfilm som han setter mest pris på.
- Både film og TV er kjekt, men ein av grunnane til at eg likar film betre er at ein kan planleggje meir. Det er veldig greit å ha så mykje kontroll som mogleg.
Men Ole Andre held fram med TV-jobben sin likevel. Til no har Ole Andre filma tre TV-saker og ser fram til å filme fleire.
- Eg følar at eg har bruk for den erfaringa eg får her. Det er ivertfall spennande å tenke på litt andre måtar enn det ein er vant til når ein skal filme noko.